|
Article in other languages:
|
Sanskrit (endonym संस्कृतम् saṃskṛtam) er eit gammalt språk som tilhøyrer den indoariske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Det blir brukt i dag i religiøs hinduistisk samanheng, mest i bøner, men ein har òg skrive religiøse og filosofiske tekstar og store litterære verk på språket.
HistorieSanskrit har alltid vore eit ynda forskingsspråk for språkvitarar, både indiske og vestlege. Det inneheld mellom anna ei rekke ord som likner på moderne ord i andre indoeuropeiske språk. Sanskrit er òg eit kasusspråk som kan minna om gammalgresk og latin.
Opphav og utviklingSanskrit stammar frå vedisk, språket til det vediske folket, som kom til India nokre tusen år f.Kr. Språket slik det eksisterer i dag har alltid vore eit språk for dei lærde. Det blei skildra av grammatikaren Pāṇini på 300-talet f.Kr. under namnet संस्कृतभाषा saṃskṛtabhāṣā, som tyder 'kultivert språk'. Han skilde med dette språket han skildra frå folkespråka, som han kalla प्राकृतभाषा prākṛtabhāṣā, eller 'vanleg språk'. På mellom anna hindi blir संस्कृत saṃskṛta uttala [sǝ̃skrit], som er opphavet til namnet på språket i europeiske språk, sanskrit. Prakrit blei omgrepet ein brukte om folkespråk som seinare utvikla seg til moderne indiske språk, som hindi, panjabi og gujarati. Språket er blitt noko påverka av talespråka, men har òg sjølv påverka dei. Ein vil finna lånord frå sanskrit i dei fleste indiske språka, også dei dravidiske, som ikkje er i slekt med det. Også ikkje-indiske språk, som thai og tagalog, inneheld lånord frå sanskrit grunna kontakt med hinduar i tidlegare tider. I nyare tid er det òg teke inn mange sanskritord i offisiell hindi, for å reinska ut påverking frå urdu, og markera eit skilje til dette elles så like grannespråket. Skrift
Sanskrit-setninga «Sjiva signe dei som finn åtgaum i gudespråket.» skrive med ulike indiske skrifttypar.
I dag skriv ein helst sanskrit med देवनागरी devanāgarīskrift, men denne bruken tok først til på 1100-talet og blei ikkje standard før på 1700-talet. Før dette hadde ein gjerne brukt nāgari, ei tidleg form av devanāgarī, शारदा śāradā og मोडी moḍī. Kjerneområde for særskilde språk brukte sine eigne skriftspråk, til dømes bengali i aust og kannada i sør. Tamilske brukarar av sanskrit utvikla granthaskrifta frå det tamilske alfabetet. FonologiKonsonantarSanskrit har desse konsonant-fonema. I kvar rute i tabellen er konsonanten fyrst skriven med devanāgarī, deretter, i feite typar, med IAST (International Alphabet of Sanskrit Transliteration) og til slutt, i hakeparentesar, med IPA-transkripsjon.
VokalarSanskrit har tre korte monoftongar, fem lange monoftongar og to diftongar. I kvar rute i tabellen er konsonanten fyrst skriven med devanāgarī, deretter med IAST (International Alphabet of Sanskrit Transliteration) og til slutt med IPA-transkripsjon.
Syllabiske konsonantarSanskrit har tre syllabiske konsonantar, dvs. konsonantar som fungerer som kjerne i stavinga, nemleg dei tre likvidane ऋ ṛ [r̩], ऋृ ṝ [r̩ː] og लृ ḷ [l̩]. MorfologiFotnotar
Bakgrunnsstoff
Questions for article: alphabet sansekerta, baby name in sanskrit, baby name bha pha, baby name, sanskrit, bengali baby name, marathi baby name, sanskrit baby name, sanskrit symbol, sanskrit tattoo, alphabet marathi, angleška abeceda izgovorjava |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
This article is from Wikipedia. All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License.
IHS Europe: Infrared Heating Systems for Home and Business.