|
Los Angeles (ofte korta til LA) er ein storby sør i delstaten California på vestkysten av USA. Los Angeles er den største byen i California, og den nest største byen i USA med eit innbyggjartal på 3 798 981 (2002), med forstadar kring 17,5 millioner.
LA ligg i Los Angeles County. Byen er USA sitt største byområde i utstrekning, med kring 1200 km² i samla flatevidd.
Historie
Området Los Angeles ligg på har vore folkesett av amerikanske urfolk i tusenvis av år, i hovudsak av Chumashfolket og Tongvafolket.
Europearar kom til Los Angeles fyrste gong i 1542, då spanjolen Juan Cabrillo reiste gjennom området. Det var ikkje før i 1769 at spanjolane etablerte ein varig busetnad i området, da dei etablerte Mission San Gabriel Arcangel her.
Den 4. september 1781 grunnla nybyggjarar frå misjonen ein by. Denne byen vart kalt El Pueblo de Nuestra Señora la Reina de los Ángeles de la Porciúncula. Namnet syner tilknytting til Fransiskanarane.
Fram til den mexicansk-amerikanske krigen i 1846-48 var byen ein liten meksikansk småby. Etter at USA erobra California byrja byen å veksa snøgt, som eit resultat av gullfeberen frå 1849. I 1850 fekk Los Angeles bystatus.
Biletgalleri
|
|
|
|
|
|
|
Solnedgang på Venice Beach
|
Los Angeles skyline daytime 2.jpg
Sentrum i Los Angeles nordaust mot San Gabriel Mountains
|
|
Bakgrunnsstoff
More about Los_Angeles: honda los angeles, chevrolet los angeles, ford los angeles, bmw los angeles, used car los angeles, los angeles ca real estate, los angeles times, dodge los angeles, cadillac los angeles,
|