|
Sultanatet Brunei, òg kalla Brunei Darussalam, er eit land som ligg på øya Borneo i Søraust-Asia. Sett vekk frå kystlinja mot Sørkinahavet er landet heilt omgjeve av det austlege Malaysia. Brunei har store petroleumsressursar, og økonomien til landet er i stor grad avhengig av desse.
Klima
Brunei har eit tropisk klima som endrar seg lite igjennom året. Temperaturane held seg stort sett rundt 30-32 ºC midt på dagen og rundt 22-25 ºC om natta. Nedbøren er stort sett jamt for delt gjennom året, men med ei lita auke i overgangsperiodane til monsunen i april-mai og oktober-november. I det store og heile kjem det ei regn- eller torebyge om lag annakvar dag. Den årlege nedbørsnormalen er om lag 3500 mm.
More about Brunei: brunei darussalam, sultan of brunei, royal brunei, brunei brunei lonely lonely malaysia malaysia planet planet singapore singapore, pelita brunei, hotel brunei, brunei airline, brunei map, hsbc brunei,
|